Lyrics

Om natta då eg slumrande og stilt låg i mi seng Eg drøymde om eit djupblått hav og om ei sommareng I draumen drog eg frå mitt land, frå han som eg har kjær Eg såg alt i den store verda, alt som ei finnest her Den kvelden, før eg drog min veg, gjekk eg til strandefjell Der møtte eg min kjæraste, så kvit som snø som fell Han sa: mi kjære, ikkje reis, min hug ligg i din hand Kven skal få din kjærleik der, i slike fjerne land Eg lengtar til min kjæraste, til å kome heim igjen Der ligg eit hav i mellom oss, men du ventar tru, min venn For i ditt hjarte finst eit hav, ei verd ligg i di famn Eg drøymer om den dagen eg seglar inn i Strande hamn Så om du går på Strandefjell, så kvil deg der ei stund Der oppe finst ein bekk så klår, der veks ein frodig lund Og lerka syng så høgt i sky, vedunderlege ting For ho syng om min kjæraste-eg skal alltid vere di Ja ho syng om deg, min kjæraste-eg skal alltid vere di
Writer(s): Esbjorn Orjan Anders Hazelius Lyrics powered by www.musixmatch.com
Get up to 2 months free of Apple Music
instagramSharePathic_arrow_out