Lyrics

Den fyrste song eg høyra fekk, Var mor sin song ved vogga; Dei mjuke ord til hjarta gjekk, Dei kunde gråten stogga Dei sulla meg so underleg, So stilt og mjukt te sova; Dei synte meg ein fager veg Opp frå vår vesle stova Den vegen ser eg enno tidt, Når eg fær auga kvila; Der stend ein engel, smiler blidt, Som berre ei kan smila Og når eg sliten trøytnar av I strid mot alt som veilar, Eg høyrer stilt frå mor si grav Den song som all ting heilar
Writer(s): Sindre Hotvedt, Johan Nicolay Leganger, Per Sivle, Geir Hegerstrom, Lars Soraas Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out