Top Songs By Rita Engebretsen
Credits
PERFORMING ARTISTS
Rita Engebretsen
Performer
COMPOSITION & LYRICS
Christian Sinding
Composer
Ivar Aasen
Songwriter
Lyrics
Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå
Med same gamle bryningom og same toppom på
I bygdom byggja sveinane og huset stender laust
Men dei gamle merkesteinane dei standar like traust
På fjellet er det leikande og ganga til og frå
Og kring om toppan reikande so vidt om land å sjå
Til havet kringom strendene med skip og fuglar små
Og til fjelli kring om grendene med tusen bakkar blå
Det er så mange hendingar i bygdom komme til
Me sjå så mange vendingar alt på eit lite bil
Dei hava smutt om vollane og flutt og rudt og bygt
Men dei gode gamle kollane dei standa like trygt
Så sto dei gjennom tidane vel mange tusen år
Og graset voks om liene og lauvet kom kvar vår
Og vinden tok om toppane og vatnet tok om fot
Men dei gilde gamle kroppane dei toko traust i mot
Av hav kom sjømann siganede og lengta etter land
Då såg han fjelli stigande og kjendes ved si strand
Då kom det mot i gutane som såg sin fødestad
Ja dei gode gamle nutarne det gjera hugen glad
Writer(s): Egil Hegerberg, Ivar Aasen
Lyrics powered by www.musixmatch.com